Sunnmørsgruppa

Sunnmørsgruppa i NKLF møtast 3-4 gongar i året. Legar og tannlegar, gjerne i følgje med sin betre halvdel er hjerteleg velkomne! Ofte møtast vi i ein heim og har hatt ein hyggeleg tradisjon med at dei fleste som kjem, tek med litt "mat på fat" (med alt frå skål med druer, brownies til meir edelt danderte snittar), og har derfor svært få faste utgifter. Frå tid til annan har vi hatt små prosjekt med td bygging av ein vasstank for regnvatn ved ein helseinstitusjon i Etiopia. Mange av samlingane våre har hatt fokus på mulegheitene vi som "vanlege" legar har for innsats i utviklingsland. Andre nylege tema har vore "Møte med den døande pasienten" og "Kva er vår respons når etikken møter det verkelege livet" med utgangspunkt i boka "Menneskeverd i etikk og klinikk".   Nyleg møte var heime hos Hilda og Pascal Brügger-Synnes 29. mars 19, der Magne Roland heldt innlegg med temaet "Bioteknologi, mulegheiter og utfordringar".

Dato for neste møte er ikkje endeleg fastsett, anten i juni eller tidleg haust 2019, der vi planlegg eit møte i lokala til Ishavsmuseet på Brandal utanfor Hareid. Håper vi ser deg der :-)

Ta gjerne kontakt: hildabrusyn@gmail.com